|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Hjem
| Nyheter | Løpene
| Reise | Trening | Innbydelse | Påmelding
| Opplevelser | Overnatting
|Kontakt oss | |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon – PM (pdf) Tilkomst og parkering Dag 1 og 2 er det Arena på Øvre Haukåsen om
lag Dag 3 og 4 er det Arena i Hodlekve om lag Parkeringsavgift kr. 30 pr. dag, eller kr 100 for alle dagane.
Parkeringsbillett vert kjøpt ved parkering. Ha pengane klar, dermed
unngår vi veksling og kø! Treningskart Vi tilbyr fire treningsområde med innlagde løyper
på kart, 20-30 min køyring frå Sogndal: ·
Kleppa, Leikanger – 6 eller ·
Goro, Kaupanger – 6,5 eller ·
Oklevik, Hafslo – ·
Kaupanger skule, Kaupanger – Karta vil vera til sals i O-camp på Fosshaugane tysdag 13. kl
19-21 og onsdag 14. kl 12-16. Deretter kan dei kjøpast på
løpskontoret. 50 kr. pr. kart. Toalett Det er mobile toalett
på Arena alle dagar, ingen garderobetilbod. I tillegg har SIL-hytta WC
for dag 3 og 4. Her er det forbod mot piggsko. Barneparkering Barneparkeringa er open kvar dag frå 1 time før
første start og stengjer 2 timar etter siste start. Barneparkeringa er
eit tilbod medan foreldra er ute i løype og vi ber om at foreldra
hentar barna straks dei er komne i mål. Tilbodet er gratis. Småtroll Det blir Småtroll-løyper kvar dag. Start og mål
direkte på Arena. Vi oppmodar ein vaksen om å følgje barnet
rundt løypa. Kr. 30/dag.
Premiering ved innkomst. Tidtaking Nordvestgaloppen nyttar elektronisk tidtaking type EMIT. Alle skal
bruke same startnummer og same brikke kvar dag. Leigebrikker skal leverast
inn etter siste dag. Manglande innlevering vert fakturert med 600 kr. Førebuing til
start Det er sjølvbetjening for henting av startnr. på Arena.
Brikkelapp for backup er tilgjengeleg ved start, løpar er sjølv
ansvarleg for å skriva brikkenr. eller startnummer på
backup-lapp. Leigebrikke må hentast i sekretariatet. Postbeskrivelse Er trykt på kartet (IOF-symbol, i tillegg norsk tekst for alle
N-løyper) Ekstra postbeskrivelser
får du ved sjølvbetjening i startboks. Pass på at du tek
rett beskrivelse Konkurransane Dag 1: 14.juli –
Haukåsen – første start kl 17 Dag 2: 15.juli –
Haukåsen – første start kl 11 Dag 3: 17.juli –
Hodlekve – første start kl 11 Dag 4: 18.juli –
Hodlekve – første start kl 11 Klassar og løyper
Løype 10-12 startar nær
Arena alle dagar. Småtroll og barneparkering alle dagar frå 1
time før første start. * Fleksibel start i løype 11
og 12 Direktepåmeldingar og
endringar Direktepåmelding skjer ved løpskontoret etter kunngjorde
gebyr. Endringar i påmelding (brikkenr., klasse etc.) kan
gjennomførast mot eit gebyr på 50 kr. kontant. Start og avstandar Dag 1: ·
Løype 1-9 (start 1): Ca 30 min å
gå i lett terreng, lengde ·
Løype 10-12 (start 2): Ca. 3 min å
gå i unnabakke, lengde Dag 2: ·
Løype 1-9 (start 1): Ca. 30 min å
gå i motbakke, lengde ·
Løype 10-12 (start 2): Ca. 3 min å
gå i unnabakke, lengde Dag 3: ·
Løype 1-6 (start 1): Ca. 30 min å
gå i motbakke, lengde ·
Løype 7-12 (start 2): Ved arena. Dag 4: ·
Løype 1-12 (start 1): Ca 5 min å
gå , lengde Startprosedyre Det vert ikkje opprop, du går inn i startslusa når di
oppropstid kjem fram på tavla. Oppropstid er 3 min før starttid.
Sørg for å ha startnr. lett synleg og brikkenr. klart for
kontroll. Løypelengdene kan variere litt frå det som står i
programmet. Det er startpost for Start 1. Avstand frå tidsstart er ca. 5 sek. før start legg du brikka i startenheten for aktivering.
Du startar på den lange
pipetonen. Vis omsyn til andre løparar ut frå start. (Piggsko) Du tek kartet sjølv i startøyeblikket, og er ansvarleg
for å ta rett kart. Eigen funksjonær for ”Direkte påmelding” (du
må først registrere deg på løpskontoret), og
”For seint til start”. Terrengbeskrivelse Det er mye myr, bekker og pytter i terrenget. På grunn av lite nedbør har myrene i hovudsak meget god løpbarhet, og bekker og pytter kan være tørket ut. Det er en rekke dyretråkk (sau eller hjort) i terrenget som ikke er markert på kartet. Haukåsen: Dag 1 Den store
åsen syd for flyplassen blir brukt for dei fleste løypene. Her er
det både gammel og ung furuskog, med varierande sikt og løpbarhet. Fin og fast skogsbsbotn. Nokre granfelt av varierande
alder. Dag 2 Den øverste delen av terrenget blir brukt, her er det meire ope enn dag 1. Det er også bratt skråli med fast skogsbotn. Hodlekve: Terrenget har i hovedsak meget god løpbarhet. Overgang mellom myr og bjørkeskog er mer diffus i terrenget enn hva som oppleves på kartet. Dag 3 Dei lengste
løypene (1-6) går første del i ope fjellterreng. Tidvis
tett bjørkekratt men også mange opne myrar. Ein del stein av varierande storleik. Nedre
del av terrenget har myr og blandingsskog (bjørk og furu). Dei
kortaste løypene ( løype 7-12) går i variert terreng. Den
store elva (upasserbar) skal krysses av samtlige løyper, og kryssinga
skal skje over bru. Dag 4 For det meste myrar, bjørkeskog og
ein del storvokst granskog. Dei kortare løypene går delvis i ein
langrennstrase med inntegnede lysstolper. Målgang Løparen passerer mål der han / ho stemplar på
måleininga på målstreken. Løparen går vidare
gjennom målområdet der brikka bli lesen av. Så går
ein innom backup - området der brikka blir lesen av for backup.
Tilslutt går ein gjennom området der ein får skrive ut
strekktider. Ved diskvalifikasjon må løparen levera frå seg
backup-lappen. Drikke Det er drikke til løparane ved mål alle dagar. I tillegg
er det drikke ved kartbyte på dei lange løypene. Brote løp Løparar som bryt skal fortrinnsvis passere gjennom mål
som normalt for registrering av brikke. Dersom dette ikkje vert gjort
må løparen eller lagsleiar snarast ta kontakt med sekretariatet
for avlesing av brikka og for å registrere at løparen er komen
til rette. Lagsleiar / kontaktperson er ansvarleg for at alle klubbens
løparar registrerer seg i mål. Diskvalifikasjon /klager Dersom avlesing av brikke ved målplassering viser avvik i
forhold til rette postanvisningar, vil løparen bli diskvalifisert.
Dersom løparen er ueinig i diskvalifiseringa, må løparen
sjølv melde frå om dette til sekretariatet for vidare
handsaming. Her fyller løparen ut eit klageskjema, og betalar 50 kr. i
klagegebyr. Ved medhald i klagen vert gebyret refundert. Klagen vil bli
handsama i løpet av dagen, før premieutdeling. Dersom
løparen er ueinig i utfallet av handsaminga av klagen, må
lagleiaren levere formell protest til sekretariatet. Saka går då
til handsaming i jury. Juryen har denne samansetjinga: Anne Urset, BUL
Tromsø Arild Røen,
Samnanger IL Resultatservice Resultatene blir presenterte på resultattavla på Arena. I
klassane N-åpen, D/H-10 får løparane tid, men blir ikkje
rangerte. I dei andre klassane rangeres dei etter tid. Fullstendige
resultatlister blir lagt ut på www.nordvestgaloppen.no og på løpet neste dag. Premiering
SAMANLAGTPREMIERING Organisasjon Leiar i hovudkomiteen: Kjell Kvåle, tlf 95259789 Løpsleiar alle dagar: |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Fjord-O Nordvestgaloppen 2010 info@nordvestgaloppen.no |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||